Dette er ei gladsak, seier Gudmund Kårvatn, som endeleg har fått hala i land avtale med Norges Skiforbund om levering av klær til landslaga i telemark og randonee. No gler dei seg til samarbeidet med forbundet og sjølvsagt levering av utstyr til landslagsdeltakarane.
Det er med klesmerket Crazy Idea at Kårvatn Fjellustyr skal «kle opp» landslagsdeltakarane. Det italienske klesmerket er nytt for Kårvatn fjellutstyr, men er veletablert i markedet og er kjent for god kvalitet, -funkjonalitet og lav vekt. Merket rettar seg spesielt mot randonee-, tur og frikjøringssegmentet, men har også populært løpe og klatretøy for sommarbruk. Kårvatn Fjellustyr og Crazy Idea blir ein totalleverandør av yttertøy både til telemark- og randoneelandslaget. I tillegg til Crazy idea er også Kårvatn Fjellustyr importør av Skitrab- og Majesty ski, Contour skifeller og Sir Joseph dunprodukt. Kårvatn Fjellutstyr har i tillegg til Crazy Idea også agenturet på SkiTrab ski, Sir Joseph dunprodukter, Contour skifeller og Majesty ski.
Det er stort for oss at vi endeleg har klart å få i stand denne kontrakten med skiforbundet, og no gler vi oss til å starte samarbeidet, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Du kan lese meir om samarbeidet på heimesida til Norges Skiforbund.