Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fikk 4-årsboka i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 26. november 2017

Søndag var det domssøndag, og familiegudsteneste i Todalen kyrkje. På denne dagen var det også utdeling av 4-årsboka som nærast er ei «arbeidsbok» for 4-åringane som eit ledd i trusopplæringa i kyrkja. 

Det var vikarprest Bjørn Hovde som hadde gudstenesta denne dagen, og med seg på laget hadde han Bernt Bøe, som trakterte pianoet, og konfirmantane Sindre K. bruset og Erik Kårvatn som tekstlesarar. 

Dei fire borna som i å har fått 4-årsboka er Øyvor Husby, Julia Krajewska, Natascha Maria Nordvik og Haakon Brøndbo (Haakon hører heime i Stangvik).  Natascha maria var til stades i kyrkja og fikk boka overlevert frå Anders Gjeldnes som representerte soknerådet. 

Vikarprest og vikarorganist held hjula i gang i Todalen kyrkje. Mangeårig organist og no pensjonist Bernt Bøe stepper inn som vikar til ny organist er tilsett. Foto: Jon Olav Ørsal

Konfirmantane Erik Kårvatn og ….

….Sindre K. Bruset sørga for tekstlesinga under gudstenesta. Foto: Jon Olav Ørsal

Og etterpå var det kyrkjekaffe og sosialt samvær, der praten gikk livleg rundt borda. Foto. Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 26. november 2017, 15:02