Onsdag kveld inviterte Indre Nordmøre Opplæringskontor alle lærekandidatar og lærlingar som tok fagbrev eller kompetansebevis i 2024 til ei markering av dette med treretters festmiddag på Thon Hotell i Surnadal. Invitert var også dei faglege leiarane, rettleiarane og dei andre støttespelarane som har delteke i opplæringa.
– Opplæringskontoret er heilt avhengig av innsatsen til desse ressurspersonane for at lærekandidatane og lærlingane skal kunne få fullført utdanningsløpet sitt fram til kompetansebevis og fagbrev, sa dagleg leiar i Indre Nordmøre Opplæringskontor da ho ønskte velkommen.
Opplæringskontoret viktig for den framtidige kompetansen i næringslivet
Indre Nordmøre Opplæringskontor dekker Rindal og Surnadal kommunar, og i tillegg Halsa i Heim kommune. Opplæringskontoret har i dag 54 medlemsbedrifter, der eit knapt tjue tal av desse akkurat no har lærekandidatar og lærlingar.
Kvart år har opplæringskontoret ansvaret for mellom seksti og nitti lærekandidatar og lærlingar. Opplæringskontoret har oppstartsamtale med kvar einaste lærekandidat og lærling saman med ansvarleg i lærebedrifta kvar haust. Rundt årsskiftet har dei ein halvårssamtale med dei att.
På båe desse samtalane blir læreplana og forventningane diskutert. Elles er opplæringskontoret ansvarleg for alle kontraktar mellom kandidatane og lærebedriftene, så med berre ei heilstilling, så blir det meir enn nok å gjere for den daglege leiaren.
Eit vanleg løp for lærekandidatane og lærlingane er 2 år i den videregåande skulen og 2 år ute i ei lærebedrift med avsluttande prøve, noko som gjev eit totalt utdanningsløp på 4 år.
Mange tok kompetansebevis og fagbrev i 2024
I 2024 var det 33 som tok kompetansebevis eller fagbrev i regi av Indre Nordmøre Opplæringskontor. Desse er:
- Kristine Mikkelsen: Helsearbeidarfaget, Rindal kommune
- Idar Wærum: Produksjonsteknikkfaget, Pipelife AS
- Oskar Bruseth Holte: Automasjonsmekanikarfaget, Pipelife AS
- Sondre Øverland: Helsearbeidarfaget, Surnadal kommune
- Kristian Glåmen: Betongfaget, Vibo AS/B&B Entreprenør
- Ask Viljar Skar Bulling: Målerfaget, Sæterbø AS/Surnadal Håndverk AS
- Håvard Heggset: Industrimekanikarfaget, MøreTre
- Vidar Humberset: Tømrarfaget, Consto AS
- Espen Bævre: Tømrarfaget, Setra Drift
- Henrik Vattøy Solli: Tømrarfaget, Setra Drift
- Mikkel Holte: Tømrarfaget, Rindalshytter
- Ole Moe Stensønes: Tømrarfaget, HJH-Bygg
- Sondre Nes: Tømrarfaget, HJH-Bygg
- Hallvard Gausen: Tømrarfaget, Rindals-Tre
- Jørgen Moen: Tømrarfaget, Merbygg AS
- Yannick van Buggenum, Sveisefaget, Sollid Mek. Verksted
- Elias Ræstad, Industrimekanikarfaget, Sollid Mek. verksted
- Andreas Vaag Bolme: Industrimekanikarfaget, Sveen Mek. AS
- Magnus Bakken: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, Surnadal kommune
- Tommy Grøtan: Helsearbeidarfaget, Surnadal kommune
- Arild Fostervoll: Tømrarfaget, Consto AS
- Michael Ranes: Produksjonsteknikkfaget, KIAS
- Andreas Sollien-Klo: Tømrarfaget, B&B Entreprenør
- Kristian Kjøren: Anleggsmaskinførarfaget, Røen Maskin
- Karoline Brøndbo: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, Surnadal kommune
- Adrian Runarsson: Produksjonsteknikkarfaget, Trollheim AS
- John Inge Bævre Sollid: Produksjonsteknikkarfaget, Trollheim AS
- Elise Røv: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, Surnadal kommune
- Elilta Ghebremichael Habte: Helsearbeiderfaget, Surnadal kommune
- Torgeir Bøklepp: Byggdriftarfaget, Alti Surnadal/Rema 1000
- Sivert Magne Honnstad: Industrimekanikarfaget, Pipelife AS
- Helge Madaus: Anleggsmaskinmek.-faget, Truck og Maskin AS
- Lars Richard Larsson: Rørleggerfaget, Rørservice AS
Ordførarane gratulerte med kompetansebevis og fagbrev
Både ordførar Hugo Pedersen i Surnadal og ordførar i Rindal, Mildrid Aune Kattem gratulerte dei nyeksaminerte med kompetansebevis og fagbrev. Båe ordførarane understreka at ungdommane er attraktive fagfolk både for privat og offentlege sektor. Ordførarane meinte også at ungdommane var dei beste ambassadørane for å få andre ungdommar til å velge yrkesfag.
Breitt og kompetent næringsliv ein suksessfaktor
Marit Drøpping understreka at Surnadal, Rindal og Halsa har eit breitt og kompetent næringsliv som satsar på lærekandidatar og lærlingar, samtidig som dei har kompetente faglege leiarar og rettleiarar.
Dette blir også dokumentert gjennom at det er få av kandidatane som stryk, og at mange av dei oppnår særs gode resultat på dei avsluttande prøvane.
– Dette viser at både næringslivet og offentleg sektor forstår at kompetanse er viktig innafor yrkesfaga også, og at dei er villige til å bruke ressursar for å oppnå denne kompetansen, avsluttar Marit.