Etter i underkant 10 kulturelle innslag og opptil fleire etargilder var det på sin plass å avslutte helgas Stangvikfestival med litt god gamaldags fysisk fostring og fotball på høgste nivå. I alle fall så høgt nivå som deltakarane tillot, når Svissholmen fyltes opp med folk for siste post på programmet: fotballturnering.
Her var det lagt opp til to ulike divisjonar; eldre og yngre garde. Dei eldre fekk starte turneringa, der Musikkarlaget møtte Hyttelaget i første kamp. Musikarane tok etter 10 spennande minutt i land seieren. Andre kamp var mellom Todalen og Kvanne/IL søya. Her måtte dessverre Todalen sjå seg slått av dei lokale karane, og dermed sjå langt etter finalespel.
Festivalleiar Jo Inge Nes kunne etter endt festivalhelg sjå tilbake på 4 eventyrlege dagar der bortimot 1500 personar hadde vore innom på alle arrangementa tilsaman. -Dette har gått på skinner, og økonomisk er det gått over all forventning og over alle budsjett. Men ingen ting gjer seg sjølv, konstaterer han. -Festivalstyret har hatt med seg ein fantastisk dugnadsgjeng som har stått på frå start til slutt. Og med det vêrbruket vi har hatt i helga i tillegg, så har det vore heilt fantastisk!
Og finalevinnarane vart Musikerlaget, som nærast klassa ut Kvanne/IL Søya.