Over tusen på konsert med Byting og Katastrofe snudde pessimisme til optimisme for laksefestivalen fredag kveld, da vêret vart betre enn meld og det var stor stemning ved hovudscena på torgplassen. Bra besøk var det også på marknadsgata utover laurdagen, og vi trur at folk kosa seg i det travle og litt kaotiske torgmiljøet i torggata.

Tor Hansen blir tidenes laksekonge med den store laksen på 14,05 kg – og 20.000 i premie. foto: Driva/Gøran Rønning
Den store nyheitsbomba laurdag morgon var sjølvsagt resultatet frå fiskekonkurransen i Surna laurdag kveld. Rekordlaks på heile 10 kg kom på land og bilder av laksekongen Tor Hansen florerte i media. I Amfi-sentret var det sjølvsagt stor fokus på Thomas Tivoli som piska opp stemninga attafor butikksentret – til stor glede for store og små.
På Skei vart det full fart med Energikampen og store sterke karar som demonstrerte både tunge løft og stor styrke i programmet til Strongman. Der var det liksom ikkje måte på med krefter og styrke. Dagprogrammet vart laurdag avslutta med minnekampen for Snorre Larsen på Syltøran stadion. På kveldstid fortsetter programmet med liv i teltet og konsert med Ship of Fools og Stage Dolls på hovudscena.

Som troll av eske dukka Todalen Meieri opp på Skei i dag – Anders Gjeldnes og Olaug Kvendset delte ut smaksprøvar av gammelost og Yoghurt til publikum. Dei driv serieøst med planer om å starte eit samarbeid med produksjon av mjølkeprodukt. Olaug har råvarene og Anders har kompetansen etter mange år i næringsmiddelindustrien. Foto: Astrid L. Kvendset.
Vi tok ein liten runde og kan bidra med nokre bildeglimt frå marknadsgata og livet rundt. Alle foto Jon Olav Ørsal
Søndag fortsett Norsk laksefestival – da ser programmet slik ut:
SØNDAG 24. JUNI |
||
NÅR? | HVA? | HVOR? |
11.00 – 17.00 | Martnadsgate | Skei |
12.00 – 16.00 | Thomas Tivoli | AMFI Surnadal |
14.00 | Det store andeløpet | Surna/Øye bru |
15.00 | Konsert med Surnadal Hornmusikk | Torgplassen |
16.35 | Premieutdelinger | Hovedscenen |
16.50 | Opptreden av vinner av AMFI Talenter | Hovedscenen |
17.00 | Avslutningsshow | Hovedscenen |