Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Festa Todalen på filmen frå lufta

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. august 2018

Observerte du ei lita drone som surra rundt i Todalen på fredag , så var det Steinar Melby kra KSU.no som var ute og gjorde filmopptak.  Melby driftar nettsida KSU.NO, der det overføres liveopptak frå Kranaskjæret i Vågen, der Talgø MøreTre er involvert i utbygginga av Kranaskjæret.  Vi har nokre smakebitar frå Todalen, men gårdagens opptak kjem vi att med etter kvart.

På tur inn til Todalen fredag – smaksprøven er eit stillbilde men videoopptak kjem seinare. Foto: Steinar Melby/ KSU.NO

Filminga i Todalen er ein del av eit større prosjekt, der Kristiansund og Nordmøre havn jobbar med å presentere Nordmøre og Nordmørsfjordane i samband med cruisetrafikken i området. I går var det Svinvikrunden, Todalsøra, Todalshytta, Talgøfabrikken og Gammelfabrikken som var i fokus. Før ferien vart det gjort opptak i Svinviks arboret og Kårvatn/Nauståfossen.  

Vi har ein smakebit av dette som vi kan presentere i dag, men Melby lova å lage ein liten filmstubb frå heile Todalsprosjektet som vi etter kvart kan få presentere på Todalen.no.  Vi gler oss på fortsettelsen!

Todalshytta og området rundt frå 120 meters høgde – dette er også stillbilde i første omgang. Foto: Steinar Melby/KSU.NO

Steinar Melby i aksjon med filming ved Todalshytta – Han har full kontroll både med flyging, filming og fotografering frå denne boksen. Foto: Jon Olav Ørsal

Her kjem drona over taket på Todalshytta og går inn for landing. Foto: Jon Olav Ørsal

Drona i aksjon ved Gammelfabrikken – her vart det gjort mange fine opptak både av parkområdet og bygningane. Foto: Jon Olav Ørsal

Her kjem drona over taket på Gammelfabrikken, medan Steinar Melby styrer det heile frå «ein benk i parken». Foto. Jon Olav Ørsal

  

Publisert: 18. august 2018, 09:45