Karane i Todalen Bodybyggjarlag starta i kveld opp att med fellestrimmen sin etter endt ferie og kvardag for dei fleste. Kveldens tur gjekk til Øygarden på Nordvik i fin kveldssol, og vart avslutta med litt sosialt samvær og påfylling av kaloriar på Matkroken etterpå.
Ved start vart det 7 deltakarar. Bjørn og Oda Halle vart berre med på turen ut til tunellen da dei hadde sykla innover og hadde andre planer før dei tok bratta oppover til Gjeldnes igjen.

Einar Husby og Gudmund Kvendset var uforskamma lette på pedalane… Dei var i god form og hadde kanskje ikkje teke heilt ferie i ferien…?

Torkjel Ansnes Moe ventar på Terje Nordvik opp siste kneika før tunellen.

Torkjel hadde både refleksvest, lys framfor og blinkande lys bak og kjørte derfor sist slik at bilistane som kom bakfrå lett skulle sjå dei.

5 minutts pause på Øygarden, i retning Todalen så klart 🙂

Det er reglar for alt; på tur utover går ruta via tunellen. Heimatt går den om Gjengstøa og Gammelvegen.

Ein pust i bakken på Snøyå og ein kjapp passiar med Nils Gjeldnes før ein kunne trille inn til Todalen igjen.

Og da vart det restituering med kaffe og georginerkake. Terje diskar opp som vanleg.

Og etter vel 1,5 mil på sykkel var det vel unna meinte dei. -Det er viktig å kunne kose seg med noko godt etter ei god treningsøkt, var dei spreke karane enige om, og håpar at fleire vil bli med neste måndag kl 18.30 frå Matkroken.