Det blir sagt at pensjonistar har ferie heile året, men dette stemmer nok ikkje, i alle fall ikkje for medlemmane i Surnadal Pensjonistlag, for her er aktivitetsnivået høgt. Onsdag var det medlemsmøte i lokala til Frivilligsentralen på Skei, og det var mange medlemmar som fann vegen dit!
– Ramma kring det heile var som før; allsong, servering, utlodding og rom for samtale, fortel Anne-Sissel Ulven Mogstad i Surnadal Pensjonistlag.
På møtet var dataopplæring er eit heitt tema for medlemmane. – Mange kan mykje, nokon kan litt, og andre går mest ein omkrok for å sleppe å sjå på -, eller ta i ein pc. Dette har vi i pensjonistlaget tenkt å gjere noko med! Derfor var Ole Trygve Foseide invitert for å fortelje kva dei har gjort i Rindal, for der ligg dei nemleg langt framom oss, fortel ho.
Helge Røv og Magnus Kristian Bævre orienterte medlemmane i pensjonistlaget om planene for dataopplæring i Surnadal. så om ikkje så alt for lenge vil det skje ting på denne fronten, kunne dei to karane fortelje.
Brynhild Tjelle orienterte om kva for oppgåver helsekontaktane i laget skal ta seg av. I tillegg til Tjelle er Eldrid Mahle og Lars Gudmund Røen med i denne gruppa. Det er tanken at dei m.a. skal vere eit bindeledd mellom eldrerådet og pensjonistlaget.
Det blir nytt medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag i september. Pensjonistlaget håper sjølvsagt på godt oppmøte da også, både av medlemmar og potensielle medlemmar!