No er det tid for ny Kløvertursesong. Første turen i haustsesongen blir måndag 13. august. Som vanleg er det oppmøte Halsbua kl. 11.00, og turmålet er Svinvikrunden.
Vi kjører i lag frå Hals og utover til Svinvika. Vi går heile eller delar av Svinvikrunden – litt etter ver og form. Er det fint ver, er det kjekt å ta ein «kaffepause» oppå Kammen.
Vi håpar mange blir med ut og gå, både «gamle» og «nye» turgåarar. Det er triveleg å gå i lag, og det gjer så godt!
Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Ei påminning: Svinvikrunden er med i avstemminga om den beste turruta i turskiltprosjektet som Friluftrådenes forening og Gjensidigestiftelsen har på gang. Har du ikkje stemt enno, så er det anledning til å gjere det fram til 31. august. Stem her!
Dei som stemmer er med i trekning om turutstyr for heile familien.