Då er det ikkje mange som er i feriemodus i Todalen lenger. Ein tur på Bordholmen i kveldinga bekreftar det. Start 4H hadde medlemsmøte og G14 spela kamp mot Sunndal. I tillegg var det oppstart med sykkeltrimmen, der det var imponerande mange utabygdes som ankom Bordholmen på sykkel.
Og som vanleg når det er fotballkamp var kiosken open, med nystekte bakels og smørgrøt attåt kaffen.
Under har vi samla nokre bilder av dei ulike arrangementa. Foto: ElinorB