Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ferie for dametrimmen

Ferie for dametrimmen

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. mai 2010

Kvar torsdag i heile vinter har det vore trim for damer i gymsalen på skulen. Oppmøtet har vore stort – mellom 10 til 20 spreke damer kvar gong. Instruktør for oss er Turid Hals Sæther, og for å seie det enkelt: Ho er berre superflink trimsjef!

Torsdag kveld hadde vi avslutning i Svinvika, først åt vi nydeleg rabarbragraut med vaniljesaus. Etterpå vart det trimtur opp Gammelvegen til Hjellnes.
Trimmen startar opp att til hausten – nye og gamle trimmarar er velkomne! Det gjer så godt for kropp og sjel!
Nedafor finn du bildegalleri frå trimavslutninga.   Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 28. mai 2010, 06:00