Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferdigrydda til 17. mai

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mai 2015

Måndag var borna i skulen og barnehagen ute og rydda rundt vegkantane og i skuleområdet, slik at det skulle bli strøkent til 17. mai og folketoget. Alle elevane var med og det var mange små og ivrige hender som saumfor vegkantane etter vinterens etterlatenskapet.

Det var ikkje så veldig mykje å finne, men det dei fann hamna iallfall i søppelsekkane som dei samla søppelet i. Det er fint at nokon tek initiativ til å rydde bort søppelet og det må vi gi hønnør til skule- og barnehageborna for! No ventar vi berre på 17. mai, for da blir det både biltog og folketog – med ryddige vegkantar –  flott innsats i alle fall!

P1140594

Barnehagen i akssjon – godt sikra med refleksvestar. Foto: Britt Mossing

P1140613

Barnehagen i aksjon – alt søppel hamna i søppelposane. Foto. Britt Mossing

P1140600

Enkelte ting var vanskeleg å finne. Foto: Britt Mossing

P1140599

Jobben er gjort – på tur attende til skulen. Foto: Britt Mossing

P1140597

Rydding frå Øyabrua mot skulen. foto: Britt Mossing

Først publisert: 12. mai 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 11. mai 2015, 22:06