Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferdig rigga til Hyttemessen 2024

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. april 2024

Denne helga deltak Talgø MøreTre på «Hyttemessen 2024» på Utstillingsområdet på Hellerudsletta, like utafor Lillestrøm.  Denne veka har messesnekkarar frå Talgø vore travelt opptekne med å rigge til messa, og no er det meste av jobben unnagjort, fortel Bjørn Sæterbø som har sendt oss nokre bilder frå innspurten av førebuingane. 

Klare for 3 dagar med hyttemesse på Hellerud – marketingsjef Janne Rangnes, Salgssjef Brynjar A. Moe og snekkar/messemontør Jon Ola Romundstad. Foto Bjørn Sæterbø/Talgø

«Hyttemessen» opnar fredag 5. april og er open til søndag 7. april – opningstida er 10 – 17 kvar dag – fredag, laurdag og søndag.  Messa er opa både for publikum og for handverkarar, forhandlarar og produsentar.  Arrangør er «Hyttemessen» i samarbeid med «Eventyrlig oppussing»

messestanden til Talgø MøreTre – her er det klart for innrykk! Foto Bjørn Sæterbø/Talgø

Talgø er medlem i Todalen.no 

Publisert: 4. april 2024, 13:56