Ikkje alle har nytt godt av den andre sommardagen vi har fått i juni og fått slappa av. På Bordholmen har det vore siste runde med måling av redskapshus i dag, og dugnadsgjengen med Steinar Frøystad i spissen kunne konstatere at no er dei ferdige. Resultatet er som de ser rett og slett upåklageleg. I tillegg har det på inner veggen også kommet opp Todalen IL sin logo i øverkant, og tre fine figurar med todalsdrakt under. Logoen og figurane er laga av EB Video og det er Bjørn Hauglann som har satt ein lys ide ut i live.
Plana var også å få måla klubbhuset før todalsdagen. Men grunna særs lite egna målingsver blir dette prioritert seinare fortel Steinar Frøystad. -No prioriterer vi resten av anleggsområdet, og håper folk stiller på dugnad førstkommande tirsdag og fredag kl 18. Da er det siste innspurt til årets happening for idrettslaget. Ta med river, spader, traktorar, hengarar og anna høveleg utstyr til kvelden. Vi held kaffe og bakels!