Laurdag var dagen og timen komen for den 12-takkers elgoksen som heldt til i lia ovafor Vassosen. Talgø jaktlag tok ut oksen, saman med ei elgku og oksen hadde ikkje akkurat hellet på si side, sjølv om den etter beste evne prøvde å stikke av.
Men eit velretta skot frå Terje Talgø felte oksen. Det vart litt jobb med å få den fram gjennom ulendt terreng, men med god hjelp av elgtrekk og litt list og lempe fekk jaktlaget elgen fram til bilveg ved Vassosen. Etter at den vart frakta ned til Talgø gård, vart den slakta og vekta slo ut på 237 kg. Kanskje litt mindre enn dei fleste trudd, men den hadde kanskje litt kort kroppslengde mente sjefsslakter Odd Arne Vikavoll.