
Felte 13-spiring i ettermiddag
Odd Arne Vikavoll fikk full utteljing i ettemiddag, da han felte ein fin 13-spiring under ettermiddagsjakt på terrenget til Talgø- og Kårvatn jaktlag. I tillegg fikk han også ein kalv på posten, som vart felt.
Storviltakta starta i år 1. september, og Talgø & Kårvatn jaktlag starta alt første dagen med å felle 2 dyr på Kårvatn-området. Jakttida for hjort og elg varer i år frå og med 1. september, til og med 23. desember. Frå dei øvrige jaktlaga i bygda har vi ikkje fått rapportert, og vil vel først starte jakta litt seinare i sesongen.