Søndag 9. august inviterer TILs trimgruppe til fellestur til Storfjellet og vidare til Storbotn. Turen startar frå Innerdalsmerket kl 10 og går først til Storfjellet, vidare utover til Storbotn og ned i Litjbotn og vidare nedatt om Tristeinan og ned til Innerdalsmerket.
Jon Bruset blir med som kjentmann og guide, og spesielt vil han orientere om «vannvegen» som går utover og som ga vatn både til straumproduksjon og anna bruk, og som ser ut som det renn i motbakke forbi Tristeinan. Ta med klær og mat for å være ute heile dagen!