Det er ledig stilling som reinhaldar i kyrkjene i Surnadal og på kyrkjelydshuset på Skei. Reinhaldsbehovet vil varierere, så ein må rekne med å få tildelt andre oppgåver der ein samarbeider med kyrkjetenarane.
Du må vera medlem av Den Norske Kyrkja, ha førarkort og disponera eigen bil.
Løn og arbeidsforhold i tråd med kyrkjeleg tariffavtale.
Søknad med cv blir å sende til: post@surnadal.kyrkja.no, eller som brev til Surnadal kyrkjelege fellesråd, Postboks 19, 6656 Surnadal.
Søknadsfristen er 16. oktober
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med kyrkjeverja på telefonnr: 71 65 70 60!
Medlem i Todalen.no –