Todalen Idrettslag inviterte sambygdingane til felles frokost i ungdomshuset på nasjonaldagen – over hundre deltakarar responderte på innbydinga og kom til frokostselskap rett etter biltoget. I Ungdomshuset bydde Idrettslaget på sunn og god frokost til alle, og TIL-leiar Elinor Bolme var sjølvsagt spent på om det var nok mat når ho såg at det strøyma på med folk – men det vart det!
Folk kom direkte frå biltoget dom starta på Kvennset og køyrte oppover til Brusetmarka før dei kom ned att til Ungdomshuset, og da smaka det faktisk godt med eit rikhaldig frokostbord. Her var det faktisk sponsa egg frå Pestua og mykje anna godt som vart servert, og folk kosa seg lenge og vel med frokosten. Matkroken Todalen har vore leverandør og vi takker for ein utruleg god service der, legger Elinor til.
Etter frokosten var det konkurransar og taugdraging med dei sterkaste karane i bygda – sørsida mot nordsida – der sørsida nok trekte det sterkaste kortet. Elles var det kake og kafe før Ingri og Ragnhild frå Todalen historielag viste lysbilder frå feiring av nasjonaldagen både i gammel og nyare tid.

Etterpå viste Ragnhild og Ingri bilder frå feiring av nasjonaldagen heilt frå 1800-talet og fram til i dag. Foto Jon Olav Ørsal
Bildegalleri frå frokostsamlinga i Todalen ungdomshus – foto Jon Olav Ørsal med fleire.