På Todalshytta har det vore full trøkk og ny giv i sommar. Arve Evensen som er vertskap på hytta, fortel at det har vore i minste laget med vassføring i elva med tanke på laksefisket, men laksefiskarane har likevel kome til Todalen og Todalshytta for å feriere og for å kose seg i elva og på hytta. Den siste tida har det også vore mange spisegjestar og «vanlege» turistar både som har budd på hytta og som har teke turen hit for å prøve «Kammerpike Ediths» meny.
Da vi stakk innom ein tur i går ettermiddag var det fullt oppmed gjestar som venta på plass i restauranten, og Arve Evensen måtte innrømme at ventetida nok vart i lengste laget for å sleppe til i restauranten. Han rosa imidlertid personalet på kjøkkenet som stod på for å prøve å få fram mat til alle som venta. I går var det både mange som hadde booket plass i restaranten og det var spesielt mange drop-in gjestar. Dette førte til litt problem i den interne logistikken, som i neste omgang førte til lang ventetid.
Derfor er det naudsynt at ein brukar booking-systemet for å bestille bord og aller helt meny. Da vil alt fungere betre og vi kan redusere ventetida betrakteleg.
Book plass i restauranten her
Du går inn på heimesida til Todalehytta for å booke plass i restaranten på ein enkel måte, seier Arve Evensen som beklager at mange måtte vente lenge på å få traktering og er glad for at dei fleste tok dette med godt humør. dersom du ikkje kan booke via nettsida til Todalshytta, kan du bruke telefon og ringe 929 97 550.