Siste onsdagane i februar, mars, april og mai, inviterer kyrkja i Surnadal alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Prisen per person er kroner 50,-, for dei over 12 år, medan det er gratis for dei under 12 år. Ein kan betale med Vipps eller kontantar.
Dei andre datoane for felles middag er: 30. mars, 27. april og 25. mai.
Påmelidng, via telefon eller SMS, til Elsa Jansvold på telefon 995 18 162 seinast måndagen før kvar felles middag blir arrangert. Hugs å skriv antal og alder dersom du nyttar SMS!
Kyrkja i Surnadal ønsker både store og små velkomne til felles middag!