Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felles brannøving med «bli-kjent-kveld»

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. september 2025

Det er ikkje meir enn ein månad sia det var ramme alvor og husbrann i Bekkerhagan, der innsatsen frå lokale brannmannskap var avgjerande for resultatet.  I kveld var brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal samla til felles øving i Todalen – viktig å øve i lag, slik at ein blir kjent både med kvarandre, utstyret og ikkje minst kvar ein skal finne vatn til slokking rundt omkring i bygda. 

Dan Roger Pedersen er utrykningsleiar ved brannstasjonen i Todalen, saman med Håvard Halset. I tillegg eer det 4 brannkonstablar. Foto Jon Olav Ørsal

Øvinga starta med oppmøte på brannstasjonen på Kvennset, som er samlokalisert med TILs treningsstudio. Vidare gjekk turen til Todalen Mjølk i Pestua, med samling ved elvekanten til Toåa. Her ligg det ein stor vannkum der ein kan finne mykje vatn for å kome fort i gnag med slokking.  her vart det testa brannpumper og anna utstyr, og det kom vatn i slangane.  Etterpå bar det vidare rundt for å finne sikre plassar der det går fort å få vatn i slagane. 

Gong etter gong ser vi kor viktig det er med lokalt brannvern – ved siste brannen i Todalen vatn i slangane på rundt 10 minutter. Foto Jon Olav Ørsal

I dag er det lokalt brannvern i Todalen som et sett opp med utstyrsbil (Toyota HiAce 1998-modell) og brannsprøyter. I brannstasjonen er alt utstyr samla, både slokkeutstyr og medisinsk utstyr som stasjonen er sett opp med.  Det lokale brannvernet består av 2 utrykningleiarar som er Håvard Halset og Dan Roger Pedersen, samt 4 brannkonstablar som no er Anders Karlsen, Ståle Ansnes, Bjørn Kvendset og Jan Nordvik Bruset.  Jan er tilsett frå 1. september, og er no under opplæring som vil påga utover hausten. 

VVannkum på elvekanten nedafor Todalen Mjølk i Pestua. her er det i ferd med å kome vatn i slangane. Foto Jon Olav Ørsal

Elles er det brannstasjon med 6 konstablar og slokkeutstyr i Bæverfjord og på Kvanne, samt eit depot og 6 konstablar i Bøfjorden.  Hovudstasjonen er lokalisert til Industrivegen i Røtet, der det er 18 konstablar som er knytt til stasjonen.  Tilsaman består brannvernet i Surnadal av 36 personar. 

her har Anders Karlsen fått fullt trøkk i vass-slangen. Foto Jon Olav Ørsal

Minner om batteriskift i røykvarslarane
No når vi går mørke kveldar i møte og vi snar får julepynten på bordet så er det viktig å bytte til friske batteri. Dersom det er lenge sia du har skifta batteri så er det lurt å få det gjort. Egentleg er det 1. desember som er røykvarslarens dag og tidspunkt for batteriskifte, så dersom du har system på dette så kan du vente til den dagen.

Samling og øving ved elvekanten nedafor Todalen Mjølk. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. september 2025, 20:00