Sokneprest Pål Arne Winsnes ga uhemma skryt for salmesongen under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Eit førtitals tilhøyrarar stod for samlesongen saman med ei gruppa frå P17-koret som deltok som forsongarar. Dagens gudsteneste vart TV-overført via YouTube, og dersom du vil sjå gudstenesta kan du berre gå til linken her.

Ei gruppe frå P17-koret var forsangarar – her saman med sokneprest Pål Arne Winsnes og organist Bodil Kvam Aasbø. Frå venstre Einar Husby, John Moe, May Elisabeth Holten og Øystein Moe.
Gudstenesta var tufta på 3. søndag i fastetida og som sagt var det sokneprest Pål Arne Winsnes som var liturg, medan Bodil Kvam Aasbø var organist. Oddvar Væge var kyrkjetenar og hadde jobben med overføring av gudstenesta via YouTobe. Dagens preken tok utgangspunkt i at når eg er svak, så er Gud sterk – vi må stå imot ondskapen fordi den er der. Etterpå var det høve til å ta i mot nattverd for den som ønska det.

Kyrkjetenar Oddvar Væge sørga for opptak og overføring av gudstenesta via YouTobe. Foto Jon Olav Ørsal
Kunngjeringar
Dagens takkoffer gjekk til konfirmantarbeidet – dersom du vil være med og yte eit bidrag, så kan du gjere det via Vipps# 506908. Dagens kunngjeringar var ei påminning om at neste gudsteneste i Todalen er friluftsgudsteneste på Tjønnmyran – det skjer 2. påskedag 21. april kl 12. Vidare er det samtalegudsteneste for konfirmantar og foreldre i Stangvik kyrkje torsdag 24. april kl 18. Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er konfirmasjonsgudstenesta laurdag 10. mai kl 11:00.

Sverre Hatle og Pål Arne Winsnes sørga for at den som ville kunne ta imot nattverd. Foto Jon Olav Ørsal

Etter gudsteneste var det kyrkjekaffe – ei triveleg stund etter gudstenesta og før heimturen. Foto Jon Olav Ørsal