På frigjeringsdagen 8. mai var det fleire veteranar frå tysklandsbrigaden som fekk si påskjønning. I etterkrigstida var det mange som gjorde teneste i ein av dei 12 tysklandsbrigadene som hadde som oppgåve å stabilisere forholda i Tyskland etter krigen. No var det altså tid for å markere dette med ei påskjønning for utført teneste i internasjonale operasjonar. Dette markeres med ei medalje som var innstifta i 2000. I tillegg vart veteranmedaljen for tysklandsbrigaden som vart innstifta i 1990 delt ut.
Utdelinga som foregikk på Surnadal sjukeheim gjorde honnør på til saman 15 veteranar frå Tysklandsbrigaden – tre av desse fikk medaljen post mortem. Dei 12 Tysklandsbrigadane starta i 1947 og avslutta i 1953, og dei norske styrkane hadde tilhald i Hannover-området. Til sammen var det 4.200 norske soltatar som deltok i denne perioden, og det var mange som deltok som var frå Nordmøre og Trøndelag.
Frå Todalen fekk Hallvard Kvendset utdelt begge medaljene. han teneste gjorde i den siste brigaden som tjenestegjorde i 1953, og var med og flytta utstyret attende til Norge som ein del av denne tenesta. Og etter 65 år vart det endeleg tid for heder for tenesta som var utført for fedrelandet. Dei andre som fekk sine velfortjente medaljer var Ola Grytskog, Peder K. Bøvra, Sven Ranes, Fredrik Sjøflot, Asbjørn Flå og Leiv Strand, Lars Heggset, Arne Garte og Odd Enge.