På oppfordring fekk vi Karen Johanne Talgø til å skrive litt omkring tradisjonane med feittysdag. Ho tok oppfordringa på strak arm og her fortel ho om feittysdagsmenyen hos familien i Trondheim og no på Vestrum i Todalen. Ho skriv:
Då eg vaks opp i Trondheim, var feittysdagsmaten heime hos oss slik:
Forrett:Ertesuppe, laga av krafta frå kjøtet, tilsett gulerter og terningar av kålrabi og gulrot.
Hovudrett:Saltkjøt, pølse og kålrabistappe. Kjøtet, som eg trur var svinekjøt, vart kjøpt ferdig til bruk hos slaktaren.
Då eg kom til Todalen, fekk eg erfare at det var tradisjon med feittysdagsmat der og, og på den første feittysdagen min her vart eg først invitert på «kjøt og påsse» og dessert ein stad. Seinare på dagen hadde eg ærend ei annan stad, og der hadde dei venta med middagen til eg kom, rømmegraut, og etterpå moltekrem og blautkake. Eg har aldri vore så mett ein feittysdag. Det var godt det var vinter og sparkføre da eg skulle heim!
Som todaling har eg prøvd å lage feittysdagsmaten slik tradisjonen har vore her, «kjøt og påsse», kan hende med litt personleg preg. Vi bruker kotelettar og side av lam. Kjøtet ligg i grovsalt frå vi kjøper slaktet i oktober og fram til dagen før feittysdagen, då blir det vatna ut eit døgn. Viktig at kjøtet ligg lenge i salt. Kan bruke svinekjøt og, men det må alltid vere med saltkjøt av lam.
Forrett: Suppe av kraft frå kjøtet tilsett gulerter, kålrabi, gulrot og purrelauk.
Hovudrett: Saltkjøt, «påsse» (av potet, koka i lerretspose i lag med kjøtet) og kålrabistappe. For dei som er glade i ekstra feitt kjøt, er «latspelen» populær, men det er berre ein «latspel» på kvart lam.
Dessert: Rørt bær eller hermetisert frukt med krem, eventuelt fløyte eller vaniljesaus.
Slik er altså mattradisjonen her på feittysdag.