Feiringa av nasjonaldagen starta presis kl 9.30 med bilkortesje fra ICA Todalen. Turen gikk oppover bygda på nordsia, til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Her var det ein kort pause, før turen fortsette nedover til Ungdomshuset. Det var over 50 ekvipasjar med i biltoget, som enda opp ved Ungdomshsuet der fotballgruppa i Todalen Idrettslag inviterte heile gjengen til frukost. Over 130 fikk servert nydeleg frukost i eit fullsett ungdomshus. Det var dekt opp både på scena, galleriet og i storsalen. Sosialt og triveleg, rett og slett!
Vi kjem att med meir frå feiringa seinare i dag.
Sjå bildegalleriet nedafor. Alle foto: Jon Olav Ørsal