Denne jula blir det julefeiring med juletre frå Nordvik på Torget i Kristiansund. Tysdag kveld kom det ferje frå Kristiansund til Surnadal hamn for å hente juletreet, som skal pynte opp nordmørshovudstaden i desember.
Søndag kveld er det julegrantenning, og ordførar i Surnadal Lilly Gunn Nyheim er inviterte til å tenne julegrana på torget i Kristiansund i år.