Komande laurdag – 14. september slår Venner av Skulstua på stortromma og arrangerer 100-årsfeiring. Det er lagt opp til eit allsidig program, der du kan finna noko for ein kvar smak, både med to alternative turar og mykje variert kulturprogam, der du kan kome og gå slik du vil gjennom dagen. Bla vidare så kan du lese om detaljane i programmet…..
Den framifrå kulturformidlaren Alf Ramsøy blir laurdag 14. september hylla med eit allsidig program i Skulstuå og Todalen skule. Alf var fødd 30.september 1924 og døydde 26. mai 2014, nesten 90 år gamal.
Program for dagen:
Kl.12.00
- Rundtur rundt Ramsøya, med opplevingar og servering under vegs, til fots eller med sykkel. Turen går frå Skulstuå og rundt om hengebrua og nedatt om Nessaøra. Turen er på om lag 5km. Alternativ er ein kortare tur, frå Brusetnesset til Nessaøra, på om lag 1km.
- Film som syner utdrag frå 80-årsdagen til Alf, laga av Svein Åge Saksen
- Lyd og bilder, der Alf les dikt av Hans Hyldbakk, laga av Surnadal fotoklubb
- Todalen bøgdalag leiger ut 5 el-syklar.
- Leik og aktivitetar for dei yngste, med blant anna hoppeslott, ballbinge og teiknekrok.
Sal heile dagen av heimlaga lapskaus og furkunnjmat dravle, kaffi og kakao med krem, yoghurt frå Todalen meieri og gode kaker.
Kl. 15.00 Arrangement i gymsalen i Todalen skule
Inngangsbillett på kr 150,- for vaksne, gratis for barn og unge under 18 år.
- Tale ved Lilli Husby, einingsleiar Kultur, Surnadal kommune
- Dansing av Todalspols til tonar av spelemann Torgeir Leivdal
- Foredrag av forfattar Svein Sæter om Alf