Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Feirer 1-årsdag på kvinnedagen

Feirer 1-årsdag på kvinnedagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2013

Fredag 8. mars er det eit år sia Surnadal trenings- og velværesenter flytta inn i nye lokaler og utvida verksemda.  Det vil dei markere skikkeleg, og slår til med open dag (og kveld) med mange gruppetimar og instruksjon i styrkesalen og bootscampen. Og denne dagen er det gratis, og dersom du blir medlem den 8. mars får du gratis innmelding og ein månad gratis trening der klatreveggen er med i abonnementet.

Om kvelden blir det feiring på HammerStuene, med middag, underhaldning, kurs i hudpleie, motivering og mykje meir. Det er altså ikkje nokon grunn til å sitte heime denne kvelden.  Velkomne alle saman, både medlemar og ikkje-medlemar! Du kan lese meir om tilbudet på heimesida til Surnadal trenings- og velværesenter.

Publisert: 6. mars 2013, 18:00