Fredag har dei rydda og forebudd seg på juleavslutning i skulen, fortel rektor Torill Gjeldnes. I tillegg har dei kosa seg og feira litt at skulen ikkje blir nedlagt til hausten – det vart servert is til heile gjengen i dag. med god hjelp frå foreldra vart det pynta med lys på uteområdet, så no sig julestemninga innpå etter kvart som jula nærmar seg. Årets juleavslutning blir torsdag 17. desember kl. 18:00 …..
Det blir underhaldning i gymsalen, gong rundt juletreet og mat, og kvar familie blir oppfordra til å ta med eit bidrag til kaffelaget, fortel Torill, som ønskjer alle velkomne til ei triveleg juleavslutning.