Dagens hovudprogram kom heilt til slutt i år. Det starta med gudsteneste i Todalen kyrkje og fortsett med nedlegging av krans på bautaen ved kyrkja. Deretter var det folketog frå kyrkja forbi Hallagrenda og etter Pilskarvegen over Øyabrua og til Ungdomshuset, der resten av programmet foregikk.
I kyrkja var det sokneprest Kristin Strand som var liturg, og gjorde fort unna gudstenesta. Utafor kyrkjemuren la John Moe ned krans på krigsminnebautaen på vegne av historielaget og Surnadal kommune. Så var det klart for folketog, men først spela 17.-korpset «Ja vi elsker» før det bar i veg oppover bygda.
Toget gikk som sagt oppover til Hallagrenda og vidare etter Pilskarvegen over Øyabrua og vidare til Todalen ungdomshus. Her stod komiteen klar til å servere nylaga sodd frå Cafe Dan, og nærare 100 personar med stort og smått fekk traktering med sodd og loff, og kaffe og kaker etterpå.
Etterpå var det tid for å få litt frå scena, og barnehageborna og dei minste skuleborna song «Alle fugler», før det vart allsong med «Menuett i mai». Så var det klart for å sleppe til Bergsvein Brøske som heldt tale for dagen.
Han starta med å uttrykke begeistring for kor stor aktivitet det er i Todalen for tida – med utbygging på landbrukssektoren og industrisatsinga med nye arbeidsplassar på Talgø. Han mintes og barndomstida da han var på besøk hos bestmor Gudrun og bestefar Anders i Kveldro – og kor omsalaust og sorglaust dette livet var. No er tida komen for både litt ettertanke og litt omtanke for både ein sjølv og andre. Men det er viktig å tenke på 17. og på friheita som er knytt til den dagen, og da tenkjer vi sjølvsagt på årstal som 1814, 1905 og ikkje minst 1945. Brøske heldt ein interessant og engasjerande 17.-tale, som bør være til ettertanke for kvar og ein av oss.
Programmet for nasjonaldagen i Todalen vart runda av med «Song til Todalen».
Bildegalleri frå dagens arrangement – Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal