Foreldreutvalget ved Todalen skule har i følge NRK Møre og Romsdal si nettside skreve eit brev til alle representantane i kommunestyret der dei reagerer på saksgangen vedrørande forslag om å leggje ned Todalen skule frå hausten 2016. Dette er grunngjeve ved at kommunen ikkje kan gjere endringar i skulestrukturen i forbindelse med budsjettbehandlingane, men at det må fremmast ei eiga nedleggjingssak.
I følge NRK M&R er det innkalla til folkemøte torsdag 19. november på Todalen skule.
Les heile saka her: Protesterer mot skolenedlegging