Tysdag 19. mars får heimane besøk av konfirmantar og andre med fastebøsser! Alle sokn førebur no storinnsats for Kirkens Nødhjelp. Fredag kveld 15. mars er det «pep-talk». Da held lokalkyrkja inspirasjonstreff på Surnadal vidaregåande. Her deltek konfirmantane, heimane og dei ansvarlege i sokna. Ein viser litt av behovet for nødhjelp og – ikkje minst: At innsatsen gir resultat.
I Surnadal vart det i fjor samla inn over 130.000 kroner. Konkret er dette «å faste for sin neste» – med reell sikring av liv i område som treng nødhjelp. 800 milionar menneske i verda manglar skikkeleg vatn. Difor har vassforsyning høg prioritet. Men Kirkens Nødhjelp yter alltid innsats der det trengst mest. Somme bygder har i år få konfirmantar til å gå med bøsser. Difor har sokna ei klår oppfordring til deg som vil gjera nødhjelpinnsats eit par kveldstimar komande tysdag: – Sei JA viss du blir spurt om å delta i ein kjapp og effektiv dør-til-dør-aksjon!