Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fastelavnstid – snart er det vår….

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. februar 2018

At Sanitetskvinnene stiller opp utafor Matkroken for å selge fastelavnsris føles mesta som det første vårtegnet.  Og akkurat det er også eit av dei sikreste teikna på at det er aktivitet i sanitetsforeninga. Slik har det vore i lange tider og framleis er salet av fastelavnsris eit av dei sikraste fundamenta i økonomien til Sanitetskvinnene.

Jorunn Ørsal og May E. Holten kunne by på kakao og nystekte bollar til alle som var innom for å kjøpe fastelavnsris. Foto: Jon Olav Ørsal

Fastelavnsriset er eit god synleg symbol og jammen hadde Todalen sanitetsforening valgt rette dagen med sol og varmegrader, der det hadde teke oppstilling utafor Matkroken.  Og salget gikk strykande – det var igjen som gikk forbi uten å kjøpe, og «Sanitetstreet» attmed vegen var fullt av fjær som kjøparane hadde donert til pynt. Og sjølvsagt var det traktering til alle som stakk innom standen utafor Matkroken – nystekte bollar og kakao. – Utover formiddagstimane var det mange som var innom og som sette pris på tilbodet frå saniteten.

Todalen sanitetsforening har gjennom nokre år opplevd eit generasjonsskifte, og har i dag rundt 90 medlemar totalt. Ein god del av disse er aktive medlemar, medan andre er støttemedlemar.

Arndis Søyset pyntar «sanitetstreet som står attmed vegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Sissel Heimlund og Jon Husby kjøpte fastelavnsris for å pynte i heimen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. februar 2018, 14:47