No nærmar det seg faste. Det er fastelavnsøndag 14. februar, og Todalen sanitetsforening har alt både fastelavnsris og fastelavnshjarte klare til sal. Laurdag 6. februar blir det sal av fin fastelavnspynt ved Hals/Matkroken.
Sanitetskvinnene startar salet kl. 10:00 og held fram til kl.15:00 eller så langt lageret rekk. Det blir sal av tradisjonelle fastelavnsris med fjør, hjarte av lerk utan fjør og store fjører for å pynte «sanitetstreet».
Både ris og hjarte er nylaga, men det vart mykje arbeid og ein hard tørn i år p.g.a. kulde og snø. Men med mange gode hjelparar er no alt klart, fortel Arndis og Anne Helene.
Fastelavnsriset fyller 75 år!
Kvart år sidan 1946 har Sanitetskvinnene seld fastelavnris. Sanitetskvinnene sel kvart år ris for 8 – 10 millionar kroner. Inntektene gjer Sanitetskvinnene til den fremste bidragsytaren til livsviktig forsking på kvinnehelse, mellom anna forsking på kvinnehjartet som vi veit for lite om. Hjartesjukdom er det som tek flest kvinneliv, og symptoma kan vere ulike på kvinner og menn. Derfor er det viktig med forsking for å finne den riktige behandlinga for kvinner.
Inntektene frå salet blir fordelt mellom lokalforeininga og NKS sentralt.
Prisar:
Ris med fjører 75 kroner.
Hjarte av lerk 100 kroner.
Store fjører 25 kroner.
Ein kan betale både med kontantar og VIPPS.
Todalen sanitetsforening ønsker vel møtt på laurdag og håpar på godt salg da inntekta frå fastelavnssalet er ei viktig inntektskjelde for laget.