Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fastelavnsris – tradisjon sia 1946 for Saniteten

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. februar 2022

Heilt sia 1946 – i kjølvatnet av 2. verdskrig – har sal av fastelavnris vore ei god inntekskjelde for sanitetskvinnene.  No selges det på landsbasis 135.000 fastelavsris, dog det gjev ein god inntekt til NKS – anslagsvis rundt 10,0 mill. kvart år.  Todalen Sanitetsforening skal i år selje rundt 100 enheter, og salet brukar å gå glatt, fortel damene som onsdag kveld var travelt opptekne med å lage fastelavnsris som er pynta med fjær og ein oblat med NKS.

Magne Søyset har vore hjelpesmann og henta heim bjørkeris til produksjonen. Foto Jon Olav Ørsal

Ja da, det fastelavnsriset er merkevare – ingen tvil om det.  Når du ser ein bukett med fastelavnsris medkulørte fjør er det nok dei aller fleste som veit kven som står bak.

Og inntekta går uavkorta til forskning på kvinnehelse og kvinnerelaterte sjukdomar, der NKS meiner at det framleis er bruka alt for lite ressursar.  

Og salet av fastelavnsris skal i Todalen gå føre seg ved Matkroken Todalen neste fredag og laurdag – 25. og 26. februar  – søndag 27. fabruar er det nemleg fastelavnsøndag.  

Liv Larsen og Magne lager hjarte av lerkekvistar. Foto Jon Olav Ørsal

Sanitetsriser er merkevare, ingen tvil om det! Foto NKS

Farga fjør som er klar til montering. I Todalen reknar dei med sal på rundt 100 enheter i år. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. februar 2022, 18:00