Fastelavn nærmar seg no med stormskritt, men det er sanitetskvinnene godt forebudd på. Søndag trossa dei regnvêret og dro til skogs for å finne bjørkeris, og måndag var ein gjeng samla i Sanitetshuset for å lage bukettar – pynta med fargerike fjær og NKS-logo. Fredag og laurdag er dei på plass på Matkroken for å selge fastelavnbukettar for ein 50-lapp.

Produksjonslinje for fastelavnsris: Frå venstre Karit Kvendset, Liv Larsen, Åse V. Redalen, Jenny Kvendset, Sigrun Ørsal og Marit S. Søyset. Foto: Jon Olav Ørsal
Inntekta går sjølvsagt til drift av det lokale laget og litt til NSK sentralt for fjær og logomerker. Da Todalen.no var innom Sanitetshuset var dei godt i gang med produksjon av bukettar av bjørkeriset, og det foregikk ved langbordet – på rekkje og rad. Eldst i produkjonslinja var Jenny Kvendset, som i år er 94 år. Men det såg ikkje ut som alderen hemma produksjonstakten akkurat.
Sog sagt er det salg på Matkroken førstkomande fredag og laurdag i opningstida til butikken, og da er det berre å stikke innom og kjøpe ein flott og fargerik bukett for ein 50-lapp – så er du med og støttar arbeidet til Todalen sanitetsforening!