Kvart år finaniserer salget av Sanitetskvinnenes fastelavnsris fleire forskningsprosjekt. Inntekta av salget går til livsviktig forskning på kvinnehelse og gode tiltak i nærmiljøet.
Tradisjonen med salg av fastelavnsris starta alt i 1946 for å samle inn pengar til humanitære formål. Fastelavnsris er eit symbol på omsorg og fellesskap.
Inntektene frå fastelavnsrissalget har bidratt til banebrytande forskning når det gjeld hjarte- og karsjukdomar som rammar kvinner og menn ulikt, kreftformer som rammer kvinner og andre kvinnesjukdommar og kvinnehelse.
I dag var medlemmer i Todalen sanitetsforening i full sving med å lage fastelavnsris; både tradisjonelle ris av bjørk med fargerike fjører og ein nyare versjon av lerk.
Ola Bruset og Bjørn Halle har levert «råmaterialet» til bukettane.
Det blir salg av ris fredag 21. februar framfor Matkroken. Salget startar kl. 10:00.
Prisen på eitt ris er 150 kroner, og i alt er det i dag produsert 80 bukettar.
Fastelavnssøndag er 2. mars.
Sanitetsforninga håpar på godt salg til inntekt for gode formål!
Fleire bilete: