Todalen Sanitetsforening har lang tradisjon med å markere og å feire fastelavn. På Matkroken dukka det opp tre damer, som slett ikkje kom tomhendt. Det velkjente fastelavnsriset kom på plass og det gjorde også fastelavnhjarta som var laga av lerke. Og sjølvsagt var det servering av nystekte bollar og varm kakao til alle som var innom Kaffekroken.
I butikken var det også laga eit stort fastelavnhjarta som du kunne kjøpe fjørpynt til. Etter kvart vart det fargerikt i rundt oss i Kaffekroken og i butikken, og det er ein fin tradisjon at saniteten markerer dagen på denne måten. Inntekta av aksjonen går både til Todalen sanitetsforening og til Norske Kvinners sanitetsforening sentralt.
Laudag er sanitetskvinnene på plass i butikken utover heile dagen – nytt sjansen til å støtt fastelavnsaksjonen du og!