Tysdag kveld var årets- og fjorårets konfirmantar ute med bøssene som deltakarar i ein landsomfattande fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp. Gjengen som var rundt i heimane på innsamlingsrunde rapporterer om stor givarglede, seier leiar i Todalen sokneråd, Kristian Gjeldnes.
Alle deltakarane har levert bøssene til Kyrkjekontoret, der det blir oppteljing og sortering av alle pengar, Vipps og SMS-gåver som er komne inn. Den elektroniske innsamlinga vil det nok ta litt tid å sortere, men vi får nok høre om resultatet etter kvart.
Dersom du ikkje har hatt besøk eller vore forhindra i å gi til aksjonen, så kan du enno være med og bidra ved å bruke Vipps 2426, SMS VANN til 2426 (250 kr) eller bruke kontonummer 1594 22 87493. Dette er kontoar som tilhører Fasteaksjonen.