Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fasteaksjonen med bra resultat

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. mars 2016

Tema for fasteaksjonen i år var «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, og tysdag kveld tok dei runden rundt bygda saman med medlemane i soknerådet. Knappe 10.000 kroner vart resultatet av aksjonen, og det er vi veldig godt nøgd med, seier KN-kontakt Ildri Øyen som fortel at innsamlingsgjengen vart godt mottekne i alle heimar rundt bygda.

Innsamlingsresultatet var og like bra i fjor, og vi kan konkludere med at det er stabil og bra givarglede i bygda, seier Ildri, som legg til at det også kjem inn pengar via bank og telefon.

 

 

 

Publisert: 17. mars 2016, 12:59