Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, er etter TV-aksjonen, den største innsamlingsaksjonen i Norge. Akkurat no gjer kyrkjelydane over heile landet seg klare til å gjere ein innsats for å gje håp til mange som treng det, i ei verd som er sterkt prega av nød og liding.
Verda, slik ho ser ut i dag, krev mykje av oss. Ho krev at Kirkens Nødhjelp er til stades der nøda er størst. Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp gjer det mogleg. To veker før påske kvart einaste år, går rundt 40.000 bøsseberarar frå dør til dør over heile landet og samlar inn pengar til arbeidet deira. I fleire tiår har norske konfirmantar vore med på denne enorme dugnaden, som gjer det mogleg å rykke ut i krisar. Tysdag den 19. mars kjem konfirmantar og andre frivillige bøsseberarar frå sokna i Surnadal rundt til heimane for å samle inn pengar til Fasteaksjonen 2024.
Takka vere fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp var dei i fjor til stades med nødhjelp i jordskjelvet i Syria. Det var dei også i jordskjelvet i Afghanistan. Dei kunne også dele ut mat og vatn til flaumråka i Malawi, dele ut mat og teppe i Gaza og varme teppe og vatn i Ukraina.
Takka vere det store engasjementet til konfirmantar og kyrkjelyder, kan menneske få eit betre liv, som til dømes i Libanon. Eit land som er sterkt prega av både krigen i Ukraina og Gaza.
I landsbyen Deir El Ghazal har Kirkens Nødhjelp bygd ein vasstank på 800.000 liter. Bønder kan igjen dyrke grønsaker og ungdomane har reint drikkevatn. I heile 40 år har landsbyen i Bekaadalen vore utan vatn. No spirar og gror det over alt.
I årets fasteaksjon møter vi Rachel som bur i Bekaadalen. Ho er som ungdomar flest. Elskar å vere på mobilen og vere saman med vener. Ho fortel korleis det var å bu i landsbyen før dei fekk det livgjevande vatnet. Ho er eit godt eksempel på at det er håp i ein drope vatn, og at tilgang til vatn gjev store ringverknadar. I tillegg til å halde seg frisk, kan ho drøyme og vere aktiv. Gjennom fasteaksjonen kan enda fleire få dei same moglegheitene som Rachel!
– Støtt fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp 2024, «Håp i ein drope vatn», oppfordrar lokal Fasteaksjonsleiar for kyrkja i Surnadal, diakon Gro Hauge Venås.
Du kan støtte Fasteaksjonen 2024 ved å vippse til 2426.