Dei lokale sokneråda og Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon var for andre året på rad digital. På landsbasis vart det samla inn godt og vel 19,7 millionar unders årets fasteaksjon, mot 25,1 millionar i fjor. Midlane frå innsamlinga går til å skaffe tilgang til reint vatn for menneske i fattige land. Dette er eit arbeid Kirkens Nødhjelp har drive med i over 60 år, og som dei difor har gode kunnskapar om.
Sokna i Surnadal samla inn totalt 33.852 kroner. Dette fordelte seg slik mellom sokna:
- Åsskard sokn – kroner 13.859
- Todalen sokn – kroner 8.139
- Øye og Ranes sokn – kroner 6.637
- Stangvik sokn – kroner 3.217
- Mo sokn – kroner 2.000
Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, fortel at dei hadde eit mål om å klare 5.000 kroner. – Når sluttresultatet viser at vi passerte 8.000, over 3.000 kroner (62,3%) meir enn målet, må vi seie oss storfornøgd, seier han.
På vegne av Todalen sokn og Kirkens Nødhjelp vil han difor rette ein stor TAKK til alle som har bidrege med støtte til årets fasteaksjon.