Årleg gjer Surnadals-konfirmantane ein kjempeinnsats gjennom Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. Tysdag 19. mars går dei dør-til-dør i heile kommunen. Men alt fredag går startskotet – gjennom inspirasjonssamling på Surnadal vidaregåande skule. Her vil konfirmantar og foreldre i møte med KN få sjå og høre korleis midlane som kjem inn, blir nytta der det trengst som mest. Årets aksjon har det dobbeltydige mottoet «Sammen forandre».
Underleg nok går den årvisse KN-aksjonen mediamessig nokså stille for seg. I realiteten er den landets kanskje største ungdomsmønstring – med i alt 40.000 bøsseberarar. Konfirmantane er rett og slett med på ein gedigen livsbergingsaksjon! KN er blant våre mest kostnadseffektive nødhjelpsorganisasjonar. Da betyr Surnadals årlege resultat på rundt 100.000 kroner mykje! Det er sokneråda med KN-leiar Kirsti Elise Hjørnevik i spissen som organiserer tysdagens aksjon – og som inviterer til skikkeleg pep-talk på Surnadal vidaregåande fredag kveld.