Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fart i januarsalget

Fart i januarsalget

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. januar 2010

Salgssjef Rune Moe rapporterer om bra fart i januarsalget. På Talgø er januar ein stor omsetningsmånad, og i år har det vore massiv marknadsføring av Talgø sine produkt i januarsalget både hos Skeidar og Bohus. Dei to møbelkjedene er dei største kundane til Talgø Møbelfabrikk i Todalen.
Rune fortel at Talgø hadde salgsmøte for heile salgsstaben i forrige uke, og han seier dei tek fatt på det nye året som optimistar. Han innrømmer at det var knytta stor spenning til fjoråret på grunn av finanskrisa, men gode produkt og aktiv marknadsføring gjorde at Talgø berga seg godt i 2009.

Publisert: 13. januar 2010, 15:41