Michal Heimlund, som er dageleg leiar ved Talgø Bygg AS, minner om at det kan være forbundet med stor fare å bevege seg inn på industriområdet attafor fabrikken på Kvendset. -Vi har eit stort ansvar for å handtere strenge HMS-reglar både inne i fabrikken og utafor på den utandørs lagerplassen. Derfor er adkomstvegen steng med ein bom, og skiltinga skal ikkje være til å misforstå: «Industriområde: Uvedkommende ingen adgang«.
HMS-reglemanget skal være med og hindre at det skjer ulykker, og påbyr mellom anna bruk av verneutstyr og for godt synlege klede eller refleksvestar som har fluoriserande fargar. Området blir trafikkert med fleire store gaffeltruckar, og det kan være livsfarleg å bevege seg inn på området. – Dersom ein gaffeltruck må tverrstoppe er det stor sjanse for at materialpaller kan gå overende og skape livsfarlege situasjonar, seier Heimlund.
Spesielt er det farleg for barn å klatre på pallane og leke gjemsel rundt om kring pallane, å derfor vil vi oppfordre alle til å halde seg unna lagerområda, spesielt når det er anleggtrafikk med gaffeltruckar og lastebilar på plassen der. Vi har intensjon om nulltoleranse med tanke på ulykker både på uteområdet og inne, så derfor ber vi om at både store og små følgjer regelverket for bruk av området. Dette gjelder også gjennomgang mot Bordholmen.