Laurdag dufta det godt av fårikål innover alle gangar på Todalshytta. Ei kjempestor fårikålgryte sørga for at alle som møtte opp på fårikåldag vart skikkeleg metta opp med fårekjøtt og kål i skjønn forening. Sjølv om sesongen er over og Todalshytta ikkje lenger er open for «drop in» til restauranten, så er det stor aktivitet i den 120 år gamle tømmerbygninga. Utenom sesongen går det no mykje på arrangement – bursdagar, bryllup og intern aktivitet på Talgø, – og når det er ledig kapasitet som blir det temadagar. Da blir lokalbefolkninga invitert slik som laurdag når det var fårikåldag. Komande tysdag er det balldag – med både potetball med tilbehør og sildball på menyen.
Arve Evensen som er vert og Kjell Arve Vikavoll som er innleid kokk, er begge interessert i rettar basert på gammel husmannskosttadisjon, og da er det heilt utruleg kor mykje god mat dei kan trylle fram og servere til gjestane – som sett stor pris på dette tilbodet. Når det lir nærare jul vil det også bli både julebordsarrangement – og julemat som ribbetallerken og lutefisk på menyen. Dette vil nok bli annonsert etter kvart som tida nærmar seg.
Men først er det altså balldag, og det skjer komande tysdag den 4. oktober, og da bys det som sagt på både potetball med tilbehør, og sildball med bacon, som serveres frå kl 14:00 og utover til kl 18. Bestill via det digitale bookinsystemet eller på telefon til Arve på 929 97 550 så er du sikra!