Det var Kristian Gjeldnes sitt bilete Fargerikt som fekk flest stemmer i kåringa av månadens bilete i september, vi gratulerer!
Har du også fargerike bilete på lager tek vi dei gjerne i mot til red@todalen.no Svartkvite bilete er òg heilt innafor. For lagret av bilete er for tida nemleg meir skrapa enn ein bakelsgrautkomme i kiosken på Bordholmen under ein fotballkamp …
Dei andre kandidatane i september var:
Lihesten og leia – Ragna Kvendset
Skarvan dekt av røsslyng – Anna Ingeborg Nordvik
Geita på toppen av Ytre Sula – Kjersti Haugen
Toblerone big size … Mari B. Redalen
Tyttebærtur – Helge Brokstad
Nysgjerrigper – Anna Ingeborg Nordvik