Dei siste par vekene har det pågått arbeid med å bytte ut luftlinjer med jordkablar i Brusetgrenda og deler av Halagrenda. Det er Svorka, eller rettare sagt nettselskapet S-Nett som no oppgraderer straum- og breibandsnettet i dette området.
På Brusetsida er det lagt jordkablar frå Brusetkrysset og oppover til Bakketun og vidare til Høyen og Brusethaugen. På Halasida blir også både straumnettet og breibandsnettet lagt i jorda, frå Haugabu og Halabakkan og innover grenda til Skogstad. Etter at alle kablar er kome på plass, vil det gamle anlegget med luftlinjer bli demontert og fjerna.