Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Får ny heim på Ungdomstubakkan

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2024

Larris og Vangsgutane ser no slutten på eit omflakkande liv rundt i bygda.  No er Gunnar Nordvik og John Moe i gang med å bygge hus til tavla med Larris og Vangsgutane på om breidd med flaggstonga på Ungdomstubakkan. Halsesamlinga vart flytta til gammelgarderoben i Todalen Ungdomshus i fjor, og no flyttar altså Larris og Vangsgutane etter  og blir permanent montert i eit eige hus.  Dei har levd eit omflakkande liv sia dei var laga på tampen av 1990-talet.

På tampen av 1990-talet da tavla vart avduka ved Todalshytta. Leiar i Halsesamlinga Eivind Grønmyr flankert av Kåre og Steinar Halse. Fotoeigar Todalen Historielag

Det var Nils Olav Talgøy som laga plata og namneskiltet den gongen, og det vart sett opp attmed Todalshytta – der Halsesamlinga var den gongen. Seinare vart tavla flytta til Gammelskulen da Halsesamlinga var plassert der.  Seinare har tavla vore demontert og lagra fram til ho blir sett opp ved Ungdomshuset. John Moe som er leiar i Todalen historielag, fortel at Halsesamlinga har også levd eit omflakkande liv rundt i bygda.  Den var først stilt ut midlertidig på Haugabu. Deretter bar det til Todalshytta nokre år, før det bar vidare til Gammelskulen.  Fuktige kjellarar gjorde at det frå museumshald vart tilrådd å finne ein betre plass for lagring av originaldokument. Dermed fann samlinga sin plass i biblioteket i skulen. 

Gunnar Nordvik i arbeid med motorsaga. Foto Jon Olav Ørsal

I 2011 vart det bestemt at Halsesamlinga skulle gå inn i Todalen historielag med både aktiva og passiva – det skjedde samtidig som Halsesamlinga mista royaltyinntekta for Vangsgutane frå Fonna Forlag. Sidan skulen var nedlagt i 2021, vart det flytting til Ungdomshuset, der Halsesamlinga altså er på plass i Gammelgarderoben og no kjem tavla på plass på Ungdomsstubakkan, medan statuen inntil vidare blir stående ved Gammelskulen. No tek altså huset til Larris og Vangsgutane plass på Ungdomstubakkan, og i løpet av nokre dagar er tavla og namneskiltet på plass, seier John Moe og Gunnar Nordvik som bygger hus til «Gutane i Trollheimen». 

Her blir det hus for Larris og Vangsgutane – foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 10. juli 2024, 12:06 - Sist oppdatert: 18. juli 2024, 09:29